mandag 20. juli 2009

Heimelaga pizza med tjukk botn og store gode kantar

Kva er vel betre enn å kose seg i sofan med heimelaga pizza og ein god film?
Veret her tilsei noko slikt, for den nye flotte gassgrillen vår har berre fått øvd sine kunstnar ein gong... Her regnar det nemleg sidelengs og det har det gjort i heile dag.
Vi hadde gjestar frå Oslo på pizzabesøk her ein dag og sidan dei gjerne ville ha oppskrifta på pizzan vår, så legg eg den like godt her så er det fort gjort å klikke seg inn om ein vil lage heimelaga pizza ein dag ;)


Heimelaga pizza med god og tjukk botn
botn:

ca. 8-9 dl kveitemjøl
1 pose tørrgjær
1 ts salt
3,5- 4 dl vatn
0,5 dl olivenolje
Lunk vatn til ca.37 grader saman med olja. Bland tørrgjær saman med noko av kveitemjølet og ha i væska, ha i nok kveitemjøl til ei passe gjærdeig. Set til heving til deiga doblar seg. Bak ut pizzan og legg den i ei smurt langpanne (eg smør med olivenolje), og hev mens omnen varmar seg til 225 grader.
eller bruk f.eks. Idun pizzasaus og tilsett ekstra oregano og litt andre krydderiar.
Ha så på fyll slik; tomatsaus, ost og oppå osten resten av fyllet. Det gjer at fyllet vert stekt og ikkje berre kokt.
Steik på 225 gr på varmluft i ca. 12-15 minutt




1 kommentar:

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild