Viser innlegg med etiketten mandler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mandler. Vis alle innlegg

torsdag 12. desember 2013

Brente mandlar





 

Det treng ikkje og vere avansert å lage litt småsnacks til jul for store eller små.
Det er flotte gåver å gje og flotte gåver å få. Ikkje minst ligg det mykje omtanke bak heimelaga julegåver.
Leit fram litt cellofan, grå papir og gamle glas med lokk så har du det du treng for å pakke dei fint inn. Du veit halve gåva er innpakkinga seiast det.
 
 
Brente Mandlar
 Du treng:
200 gr. mandlar
200 gr. sukker
1 dl vatn (kan byttast ut med likør for ein litt meir vaksen versjon)
1 ss smør
(bakepapir og litt nøytral olje)
 
Slik gjer du:
Kok opp sukker og vatn, lat det småkoke i 3-4 minuttar til det meste av vatnet har fordampa og sukkeret byrjar å bli litt kornete. Ha i mandlane og rør godt rundt med ei sleiv til alle mandlane er dekt av sukkeret. Fortset å rør. No vil straks resten av vatnet fordampe og sukkeret karamellisere seg rundt mandlane. Etter eit par minutt med stadig rørsle i panna vil fargen vere karamellaktig. Ha ei skei med smør og rør godt rundt til det har blanda seg. Hell mandlane utover eit bakepapir med olje på. Bruk to gaflar og del mandlane frå kvarandre. Lat dei kjøle seg av.
Du kan tilsetje smakar etter kva du likar om du vil; kanel, flaksalt, nellik. For ein meir vaksen variant kan du bytte ut noko av vatnet med ein likør, akevitt eller cognac.

Tips:
Legg dei i eit glas eller pakk dei inn i eit kremmarhus av grå papir.

onsdag 10. desember 2008

Brente mandler

Brente Mandler

200 gr. Mandler
200 gr. Sukker
2 dl. Vann
50 gr. Smør


Bland Mandler, sukker og vann i en kjele. Kok i 1-2 timer til alt vannet fordamper og blandingen er helt tørr og hvit. Det må ikke fosskoke for da går prosessen for raskt. Ta fra platen og rør til massen er avkjølt. Ha i smør og sett kjelen over sterk varme. Rør hele tiden til sukkeret er helt smeltet og fått en lys karamellfarge. Hell massen på smurt plate og spre mandlene med 2 gafler dyppet i smeltet smør.