Viser innlegg med etiketten lefser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lefser. Vis alle innlegg

fredag 17. desember 2010

1-2-3 til korleis bake tynnlefser frå Godøya


Vi har fått nyoppussa kjøkken på skulen eg arbeider. Dette, ein kollega som er ivrig lefsebakar og ein stor prosentandel vaksne og lærevillige studentar gjorde sitt til eit særs vellukka lefsekurs.
Vi møtte opp med takker, bakstepinnar og rutakjevle.
Det vart ein kveld med fantastisk gode lefser, mange herlige bemerkningar og mest av alt mykje latter!!
Tusen takk til fantastiske Sylvi som lærde oss kunsten :D


Lefser frå Godøya (Sunnmøre)

Dette treng du til ca. 25 leivar med lefser;

1 l kefir
1500 gr kveitemjøl
150-200 gr. sukker
200 gr. smelta margarin
2 barneskeier bakepulver
2 barneskeier hjortesalt
1/2 pk fersk gjær (av den søte typen)

Dette smører du på lefsa:
250 gr. meierismør
250 gr margarin
1/2 kg sukker
Tilsett 3 dl fløyte litt etter litt til slutt.

Hell kefir i ein litt stor bolle.
Ha i hjortesalt og bakepulver og rør det inn.
Ha i gjæren (kaldt ja).
Jobb gjæren inn i kefirblandinga.
Bruk hendene heile vegen, då har du god kontroll på deiga.
Ha i sukker og bland det inn.
Hell over smelta margarin og litt og litt mjøl til deiga er passe.
Den skal vere laus nok (som ei bolledeig) til at du kan rulle ut bollar av deiga.


Vi følgje nøye med.
Når deiga er passe, del deiga inn i emne på ca.120 gr. 
Rull emna til bollar og klapp dei litt flate.
Bruk godt med mjøl og ta to og to emne ilag og press dei litt utover slik det er vist på bildet over her.
Då er du klar til å bake dei ut.

Legg eit emne på ei bakematte i silikon (ei bakematte kan og vere t.d. gråpapir eller ein voksduk) klipt ut i ein sirkel litt mindre enn størrelsen på takka du skal bruke.
Så startar du å kjevle, pass på å snu på emne etter 2-3 kjevl.
Steikes på begge sider på takka (til den har fått litt lys farge).

Så skal du lage det som her vert kalla klining (fyll).
Ha sukker og smør/margarin i ein miksar og la det bli kvitt, då tilsette du fløte til ei god blanding litt etter litt.

Ikkje løft opp miksaren når den er igang, då gjeng det slik ;)
Då skal lefsene vatnast, klinast og brettast.


Ta ei og ei lefse og stryk godt med vatn på begge side og legg den mellom eit kjøkkenhandkle. Gjer dette med alle lefsene slik at dei er klar til klining. (Eg veit at der er mange måtar å gjere dette på, men slike gjorde vi det. Andre velj å legge våte handkle mellom lefsene etterkvart som dei er ferdigstekte).
Stryk så på klining med ein slikkepott over heile lefse og brett den i tre delar (sjå bilete under).

Klipp til kantane og pakk dei inn med matpapir mellom lefsene (5 og 5 lefse i ein brødpose er heilt passe.)
Frys dei til det er rett anledning.
Server dei gjerne med søst til.
Mine ligg trygt i frysaren til jul !