Denne oppskrifta på kjøttbollar er henta frå kokeboka "Frå bollar til burritos". Eg har modifisert oppskrifta litt, men dei er framleis like gode altså;)
Tyrkiske kebab kjøttboller
4 porsjonar
500 gr kjøtdeig
3 dl fersk loff utan skorpe, i småbitar
2 egg
1 liten løk, finhakka
1 ts salt
4 krm pepar
3 krm karve
2 ts malen koriander
2 ms sitronsaft
1 liten chilipepar, finhakka
4 ms olje
1. Bland kjøtdeigen med loffbitane. Tilset egg og bland godt.
2. Ha i kvitløken, løken, saltet, kryddera, sitronsafta og finhakka chilipepar.
Kna godt (bruk nevane).
3. La gjerne farsa kvile ei stund før du formar han til små runde bollar.
4. Steik bollane fint brune i olje.
Server bollane med pitabrød eller ris til og ein tomatsaus til. Rå løk og friske krydderurter eller salat høyrer med.Du kan også servere dei som dei er på eit tapasbord.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild