torsdag 16. februar 2012

Berlinerbollar


 På søndag er det fastelaven og eg har allereie prøvebakt berlinerbollar/sukkerbollar/solbollar. Ikkje berre ein gong men heile to gongar. Eg måtte prøvelage ein porsjon her heime før eg gjennomførte prosjekt Berlinerbollar med elevane mine. Det gjekk som ein draum både her heime og på skulekjøkkenet.
Eg prøvde ut to ulike måtar å bake ut og fylle bollane på. 
Resultatet kan du sjå lenger nede i innlegget. og kva metode eg foretrekk finn du nedst i innlegget ;) 

Berre hugs at du skal steike berlinerbollar i smult og at der er nokre reglar som ein må ha når ein jobbar med varm olje.

Tenk sikkerhet.. Det varme smultet kan gi alvorlige brannskader om en får det på huden. Husk derfor på å bruke gode ovnsvotter når du steker. I tillegg er det viktig å huske på å ha et passe stort lokk til å legge over smultgryta om det skulle skje at fettet tar fyr. Du må aldri helle vann i smultgryta! (kilde: matprat )

No er det din tur å imponere med heimebakte berlinerbollar til fastelaven på søndag!
Lykke til :)

Berlinerbollar
ca.18 stk.
Du treng:
2 1/2 dl mjølk
50 gram margarin
50 gram søtgjær
70 gram sukker
1/2 ts salt
3 eggeplommer
500 gram kveitemjøl og 2.5 dl ekstra mjøl til utbaking

Ei eggekvite til å pensle med (om du vel å bruke metode 1)

Fyll: Eg har brukt brinebærsyltetøy,  mange sverger til vaniljekrem istaden eller ingenting inni, men eit dryss med sukker utanpå

Slik gjer du det:
Lag ein vanleg gjærdeig. Forhev deigen i 30 minutt.

Før eg visar framgongsmåtane vil eg berre tipse om korleis du veit at smulten er varm nok til å byrje å steike. Sett ei tresleiv nedi gryta om det boblar som på biletet under er vi klar for action!


Metode 1:
Del deigen i to og kjevl ut to like rektangel som er ca 1-1,5 cm tjukk. Marker rundingar på det eine rektangelet med eit glas som er ca 6 cm i diameter. Legg ei lita skei med bringebærsyltetøy midt på kvar runding og pensle med eggekviter rundt syltetøyet.

 Legg det andre rektangelet over slik at syltetøyet vert dekt. Ta glaset og stikk ut nye rundingar oppå dei rundingane du laga sist. Du ser det ved å sjå kvar syltetøytoppane er. På denne måten låser du syltetøyet inne i kvar bolle samtidig som du stikk gjennom to deiglag.

Hev bollane i 30 minutt og steik dei i ei jarngryte med 1 kg smult, eventuelt ein liter maisolje eller rapsolje. Feittet skal ikkje vere varmare enn at bollane må ligge i 3-4 minutt i smulten før dei vert ferdigsteikte og får fin farge.

Metode 2:
Del deiga i litt små bollar (ca.45-50gr) og rull dei ut som til vanlege bollar. Hev bollane i 30 minutt og steik dei i ei jarngryte med 1 kg smult, eventuelt ein liter maisolje eller rapsolje.

Feittet skal ikkje vere varmare enn at bollane må ligge i 3-4 minutt i smulten før dei vert ferdigsteikte og får fin farge.
Ha syltetøy i ein sprøytepose, bruk ein tipp som er rund, tynn og lang (Wilton har slike min er str.22). Lag eit lite hol i sida på dei ferdigsteikte bollane og sprut inn fyllet.

Rull dei i sukker tilslutt om du vil.



Eg foretrekk absolutt metode 2.
Med metode 1 låste ikkje deiga seg nok saman i kantane rundt og når bollane låg i smultgryta åpna nokre av dei seg og syltetøyet rann ut.

2 kommentarer:

  1. Hei, så koselig at du vil vær med i blogglotteriet mitt - og jeg vet jo hvem du er jo! Koselig å "se" det igjen! *klem*

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var så gøy å finne deg igjen, og klart jeg ville være med :)

      Klem Ingvild

      Slett

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild