torsdag 6. desember 2012

Julemør

Då er desember over oss og julestemninga kjem snikande dag for dag. Eit sikkert teikn for meg er at vi på jobb har starta øvinga til julekantata og at julemøren er ferdiglaga og hengt til mørning. Å lage mør er for meg ein ny tradisjon, men har etter kvart blitt ein av dei viktigaste tradisjonane i familien vår. Det blir ikkje jul utan. Viktig, fordi det er ein gamal familietradisjon som færre og færre held i hevd. Eg hadde kun ein gong høyrd om nokon som laga sin eigen mør før eg traff mannen min.
I min ungdom jobba eg på kafeen på det som då heitte Grimmergården, ein dag før jul kom ei stressa dame å skulle ha seg ein kopp kaffi, ho la ut om ærendet sitt mens ho helte i kaffikoppen sin. I år hadde ho gløymt å bestille tilfang til mørlaginga og no var dei solgt ut på alle butikkane i Giske kunne ho fortelje. Ho måtte på bytur til ein av byens slakterar for å få tak i det ho trong. Eg smilte for meg sjølv og tenkte at dette var no skikkeleg gamaldags, lage sin eigen mør når ein kunne kjøpe i butikken?! Vel, denne dama skulle eg gjerne ha truffe igjen no, kanskje vi kunne ha diskutert ingrediensar, krydderblandingar og bruk av løk i lag?
Tradisjonelt var det å lage mør ein måte å utnytte alt under slakta. Ein kunne ikkje la noko gå til spille. Ein mala opp avskjer, spekk og vaska tarmane for å utnytte heile dyret. Kunnskapen om korleis møren vart laga gjekk frå mor og far til borna, frå hand til hand. Slik vart tradisjonar vidareført. Samstundes er det ikkje så enkelt å få fatt i oppskriftene, nettopp fordi dei er vidareført frå generasjon til generasjon og ikkje nedskriven.
No er det ikkje så mange som slaktar sjølv lenger, men tilfang til mør kan ein framleis få tak i, heldigvis. Min oppfatning som innflyttar til kommuna er, at dette er ein tradisjon som er ganske spesiell for Giske. Difor er den òg ein veldig viktig tradisjon å ta vare på for framtida. Lær born og barneborn å lage mør, vidarefør tradisjonane.
Å lage mør er ein koseleg tradisjon i familien vår, vi set av ein ettermiddag og tek med både born og vaksne. Det mest spennande er om vi har truffe med krydderet i år. Det finn vi ut etter å ha steikt ei prøvekake, smakt og diskutert.
Her kjem ei lita oppskrift om du kunne tenkje deg å prøve sjølv.  Denne oppskrifta er forminska ned kraftig og gir ca. ½ m ferdig mør.
Julemør
Du treng:
400 gr. kjøttdeig
400 gr. spekk frå svin
¼ løk
ca. 1 ss salt
ca. ¼ ts nellik
ca. ½ ts allehånde
ca. ½ ts malt sort peppar
ca. 1 m svinetarm
Godt å ha: Ei kjøkkenmaskin som har utstyr til pølseproduksjon, om ikkje kan ein bruke eit gammeldags føglehorn.
 Slik gjer du:
Skjær spekket i små bitar og mal det gjennom maskina saman med løk.
Kna godt saman kjøttdeig og spekk før du tilsett krydderet. Kna vidare til krydderet er blanda godt inn i deiga. (dette kan og gjerast med ei kjøkenmaskin).
Lag så ei prøvekake (som ei kjøttkake) og steik i steikepanne til den er gjennomsteikt. Smak så om krydderblandinga er balansert.
Skyl gjennom grisetarmen med kaldt vann for å få ut eventuelle rester som kan ligge igjen inne i dei.
Tre så tarmen inn på føglehornet som er festa til kjøkkenmaskina.
Kjør gjennom litt masse før du knyt ein bomullstråd på tarmen, og start så å lage pølse. Pass på at du ikkje brukar for stor hastighet, da er det fort gjort å få luft inn i tarmen som igjen gjer det lett for at tarmen sprekk.
Når møren er passe lang, ca. ein halv meter er fin lengde. Knyter du på ein bomullstråd og klipp av tarmen.
No skal møren ligge i kjøleskapet til dagen etter for at smakane skal sette seg.
Etter dette kan du velje å henge opp møren til tørk, eller du kan spise den fersk.
Til jul heng møren heime hos oss i ca. 7-8 dagar rett under taket i garasja. Da har møren tørka litt og smaken er ifølge kjennerar optimal på smak.
Når den er ferdig mørna leggjast den i frysaren og takast opp dagen før den skal etast.
 Ein slik mør må dampe ca.40 minutt før den er ferdig. Vi dampar den oppå ribbene.
Denne artikkelen kan du også lese i lokalavisa ØyBlikk veke 49

3 kommentarer:

  1. Ja nå fikk jeg veldig lyst til å legge igjen en kommentar :-)
    Så gøy at du lager egne pølser, trodde jeg var litt alene der, har ikke hørt om mør pølse men det skal definitivt prøves neste gang jeg lager pølser. Her ble det Julepølse og spekepølse til jul ;-)

    Setter meg opp som følger så jeg ikke går glipp av flere tradisjoner, Ha en fin førjulstid :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så koselig med kommentar fra en annen pølsemaker:)
      Mørpølse er vel det som andre plasser blir kalt julepølse eller grovere pølse. Om man tørker den helt så kaller vi det tørkamør, vanlig somm pålegg på brødskive.

      Klem Ingvild

      Slett
  2. Hjemmelaget pølser er godt:)
    Du har vunnet te, send meg adresse på lizasmatverden@gmail.com

    SvarSlett

Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild