Det treng ikkje og vere avansert å lage
litt småsnacks til jul for store eller små.
Det er flotte gåver å gje og flotte
gåver å få. Ikkje minst ligg det mykje omtanke bak heimelaga julegåver.
Leit
fram litt cellofan, grå papir og gamle glas med lokk så har du det du treng for
å pakke dei fint inn. Du veit halve gåva er innpakkinga seiast det.
Brente
Mandlar
200 gr. mandlar
200 gr. sukker
1 dl vatn (kan byttast ut med likør for ein litt meir vaksen versjon)
1 ss smør
(bakepapir og litt nøytral olje)
Slik gjer du:
Kok opp sukker og vatn, lat det småkoke
i 3-4 minuttar til det meste av vatnet har fordampa og sukkeret byrjar å bli
litt kornete. Ha i mandlane og rør godt rundt med ei sleiv til alle mandlane er
dekt av sukkeret. Fortset å rør. No vil straks resten av vatnet fordampe og
sukkeret karamellisere seg rundt mandlane. Etter eit par minutt med stadig
rørsle i panna vil fargen vere karamellaktig. Ha ei skei med smør og rør godt
rundt til det har blanda seg. Hell mandlane utover eit bakepapir med olje på.
Bruk to gaflar og del mandlane frå kvarandre. Lat dei kjøle seg av.
Du kan tilsetje smakar etter kva du
likar om du vil; kanel, flaksalt, nellik. For ein meir vaksen variant kan du
bytte ut noko av vatnet med ein likør, akevitt eller cognac.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så koselig at du vil legge igjen en kommentar til meg :) Klem Ingvild